mandag 1. juli 2019

Lang dags ferd mot natt

Eg bestilte fly og hotell for fleire månader sidan, og då betalte eg litt ekstra for å få reise på ei gunstig tid på døgeret med direktefly. Planen var å kome fram klokka 11 lokal tid. Eg hadde dessutan bestilt luksussete i andre etasje på nattbussen til Oslo, også dette i god tid.

Nokre dagar før avreise fekk eg melding om at det ikkje vart toetasjers buss likevel.

Klokka 19.40 søndag kveld fekk eg ein sms om at flyreisa vår var kansellert, og at vi var rebooka til tre flightar: oslo-Milano, Milano-Paris og deretter Paris-Reykjavik. Forventa ankomst i Reykjavik ville dermed bli 23.55 lokal tid, 13 timar etter forventa tid.

Kva gjer ein i slike situasjonar? Eg sa til ungane at vi fekk la det inngå i turen som eit ekstra eventyr og ikkje la det forsure stemninga for mykje. Det heldt hardt, for i Milano måtte eg oppsøke fleire skrankar der dei tilsette skulda på SAS, som ikkje var der, og dei påstod at vi ikkje hadde rett til å ta med bagasje (som eg òg hadde betalt for på førehand). Ikkje ein kopp kaffi som kompensasjon, og i tillegg 29 grader (vi var kledde for Island). Men på flyplassen i Milano fann vi McDonalds, og det var no kjekt. I Paris gjekk innsjekkinga greitt, men vi måtte ta shuttlebuss til ein annan terminal.

Då vi landa i Reykjavik, kjøpte vi med oss smørbrød frå flyplassen, for all servering var over då vi kom til byen klokka 1 om natta.

HELDIGVIS fekk vi eit stort rom med sofagruppe i tillegg til senger, og frukostserveringa varte lenge så vi slapp å stå opp tidleg neste morgon.




Hotell: Radisson Blu Saga



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar