mandag 1. juli 2019

Skuleslutt

Torsdag 20. juni var det ein merkedag på mange måtar. Først var eg på jobb og markerte at eit nytt kull VG3-elevar var ferdige med 13 års skulegang - deriblant Veslejenta. Etter kvart pitla eg meg ned på samfunnshuset, der det var kommunestyremøte. Vi vedtok blant anna å setje i gang prosjekteringa av nytt svømmeanlegg i Volda, og så erklærte vi klimakrise ved hjelp av ordførarens dobbeltstemme. Seinare på kveld var det avslutningsfest for 10. klasse på Folkestad skule, deriblant Minstemann. Med det kunne eg dessutan feire å vere ferdig med Folkestad skule som mor. Bygget kjem eg til å halde fram med å vere i ved ymse høve.

Eg synest ikkje det er lenge sidan Veslejenta gjekk ut av 10., så åra går veldig fort. No ser eg fram til å ha Minstemann på jobben min, der eg trur han vil få tre kjekke år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar