lørdag 21. desember 2019

20. desember: siste skuledag

På jobb har vi mange juletradisjonar. Vi plar tilbringe den første timen saman med kontaktelevane på klasserommet, der vi mellom anna spelar "rektors kahoot". Deretter møtest heile skulen i Voldahallen, der vi høyrer på talar, deler ut premiar og ser på eit danseinnslag frå førsteklassen i musikk, før vi går rundt juletreet. I år skulle Minstemann delta i eit utdrag frå musikalen "Cats", noko han ikkje var heilt blid for, men som han greidde med glans. Etter juletregangen kan dei som vil gå ned til kyrkja, der det er frivilleg skulegudsteneste for elevar og lærarar ved vår skule og opplæringssenteret. Musikklinja deltek også der, med korsong, og elevar frå opplæringssenteret deltek med forbøn. Det gjer eit ekstra sterkt inntrykk å høyre flyktningar be om fred på jord.

Eldstejenta kom og vart med i Voldahallen og i kyrkja, noko som var ekstra stas.

Etter kyrkja møtest lærarane til julelunsj på jobb, der vi får smørbrød og kaker. Pensjonistar er òg inviterte dit, og det er alltid kjekt å møte dei att.

Etter arbeidstid tok Eldstejenta og eg oss ein lang handlerunde der vi mellom anna kjøpte inn store mengder mat. Vi skal ikkje svelte denne jula heller.

Det var fantastisk å kome heim og ha ferie, sjølv om det står att ein del arbeid før jula kan ta til for alvor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar