lørdag 1. august 2020

Endeleg sushi

Sidan Veslejenta snart reiser til studiebyen, ville ho "henge" litt med mora si ein siste gong før ho for. Ho ville dessutan besøke Mormora òg, så då vart det freistande å slå saman nokre treff. Før vi henta Mormora, fekk vi handla nokre småting til hybellivet, i tillegg til at eg kjøpte meg ei tang. Kvar sine interesser. Storegut fekk nyss om at vi hadde tenkt å ete sushi med Mormora, og då ville han òg vere med på treff. Vi vart derfor fire rundt bordet på "My Kitchen", så eg bestilte det same som sist eg var der saman med tre andre, for 11 dagar sidan.

Mormora hadde ikkje smakt sushi før, men likte det heldigvis godt. Forventningane har blitt skrudde kraftig opp i løpet av dei siste vekene. Sjølv er eg svært glad i sushi, og på denne restauranten er dei flinke til å lage sushi med mykje og spennande fyll. Når ein bestiller familiemiks, får ein litt av fleire sortar, og vi bestilte berre "50 bitar" og fekk fleire gode sortar.

Etter maten handla Mormora og eg, før eg skunda meg heim med tanga mi. Det gjekk heilt fint å skru av dei gamle slangane med den, og med litt hjelp av Storegut til å teite, fekk eg endeleg tetta for vassuttaket. Dermed kunne eg skru på att vatnet, etter eit døgn med unntakstilstand.

Veslejenta og Storegut pakka med seg klede og ting frå romma sine og ei av bodene, så no har eg eit slags håp om å få meir orden i heimen. Klessorteringa skal i alle fall gå som ein leik, no når vi berre blir to i huset! Sommaren har gått veldig fort, slik alle feriar gjer, og det blir rart her utan Veslejenta når kvardagen tek til. Vi har hatt eit hyggeleg år med henne i heimen, men eg unner henne sjølvsagt å reise litt ut i verda og sjå noko anna enn heimbygda. Det blir spennande å høyre om hennar nye liv både på privaten og i lærarstudiet, og det er greitt å tenkje på at ho skal bu saman med to venninner og i same by som storebroren. Han skal jobbe ei veke til før han reiser oppover og begynner på mastergradsstudiet i musikkvitskap. Dei er to kjekke ungdomar, og eg sakna dei med det same dei gjekk ut døra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar