Eg fekk det føre meg at eg skulle lese Hunger Games bøkene då eg vart gjort merksam på at der er ein film på veg der ein del bakgrunnsstoff kan kome vel med. Eg har begynt på serien før, og eg har sett alle filmane, men no tenkte eg altså å lese alle bøkene. Stort var dermed vonbrotet då det viste seg at berre den først boka låg ute. No ser det ut til at det har kome ei til, men det sette på bremsa for leseprosjektet mitt.
Bøkene handlar om ei framtidig dystopisk verd der ein som straff for illojalitet og opprør årleg arrangerer ein realitykonkurranse lder kvart distrikt vel ut to ungdomar som skal slåst for livet sitt.
Eg er ingen stor fan av fantasy, men Hunger Games er i tillegg sterk samfunnskritikk av den verda vi lever i no.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar