søndag 20. desember 2020

Veke 51: livet i karantene

Etter at eg hadde testa meg for Covid 19 og skyssa Veslejenta til jobb sist søndag, gjekk eg i karantene til i dag, søndagen etter. Det var trasig å tenkje på at eg ikkje skulle få møte ungane heile veka, og at eg ikkje fekk delta på det viktige budsjettmøtet i kommunestyret, men eg syntest samstundes det var greitt å sleppe å vere på jobb med tanke på smittesituasjonen. Eg har vore redd heile hausten for at noko slikt skulle skje, så eg hadde ingen panikk. Pessimistar blir som kjent sjeldan skuffa, vi får berre stadfesta at vi hadde rett.

Over 100 personar kom i karantene denne gongen, og vi var 9 lærarar i alt, trur eg. Ingen av oss testa positivt, heldigvis, men der var medelevar som vart smitta. Eg synest synd i dei smitta og familiane deira, det må eg berre seie.

Undervisninga mi gjekk føre seg frå heimen denne veka, og eg hadde ikkje heilt oversikt over kvar elevane var, berre at dei var pålogga. I dei to førsteklassene mine i engelsk skulle vi uansett svare på spørsmål til ein roman vi nett las ferdig, så det gjekk fint an å gjere heime. Der var heile eine og halve andre klassa i karantene, og dei fekk høve til å jobbe med stoffet når det passa dei, med innleveringsfrist fredag ettermiddag. Den klassa der halvparten var i karantene har eg i tillegg i norsk, og dei fekk i oppdrag å sjå nokre reklamefilmar eg la ut lenkje til, og i tillegg svare på nokre spørsmål om filmane. Også her vart det innlevering digitalt. Den siste klassa er ei andreklasse i norsk. Der skulle vi jobbe med "Jeppe påå Bjerget" og sjå ei filmatisert framsyning som eg hadde på dvd, med Bjarte Hjelmeland i hovudrolla. No fekk dei kose seg med ei gamal fjernsynsteaterframsyning som ligg på Nrk sine nettsider i staden. Alt dette brukte eg søndagen til å arrangere og legge ut meldingar om, og så tok eg kontakt med elevane og snakka litt med dei undervegs i veka.


Tida elles brukte eg svært godt, om eg må seie det sjølv. Måndagen vart eg ferdig med dei to rettebunkane i engelsk, og fekk delt dei ut digitalt. Elevane er vane til at eg rettar digitalt, så det var ingen stor overgang verken for dei eller meg. Tysdag, onsdag og torsdag jobba eg knallhardt, og seint torsdag kveld hadde eg fått retta ferdig dei to norskbunkane òg. Det var utruleg herleg å gå inn i jula utan rettebunkar, men eg var òg frykteleg sliten. 


Torsdag følgde eg dessutan med på kommunestyremøtet, som vart streama direkte på nett. Heile møtet varte i ti timar, men eg følgde berre med på dei mest spennande sakene, som bygging av høghus i Rotsetfjøra, lovlegheitskontroll av saka om skulekrinsar som vi vedtok på førre møte og sjølvsagt budsjettet. Det var til tider frykteleg spennande, i alle fall i høve til karantenelivet.

Først i køen

Fredag morgon var det ny Covid 19-test. Elles brukte eg dagen til huslege syslar, gjekk tur og las bok. Seint om kvelden fekk eg negativt svar på testen, og det var sjølvsagt ei lette, sjølv om eg var temmeleg sikker på at det ville bli utfallet. Eg har ikkje hatt eit einaste symptom heile veka. 




Laurdag vart det laugardag for Charlie, etter at vi hadde gått ein lang tur. Eg redde opp sengar til dei to eldste, rydda og vaska, i tillegg til å lese og slappe av. Det kjendest som første feriedag, noko det også var.


I dag, søndag, er eg endeleg ferdig med karantenen. Det er gyseleg vêr, så eg gidd ikkje gå tur. Ungane kjem om ei stund, og planen er at vi skal handle inn mat saman. Her er ikkje mykje mat att i heimen, i alle fall ikkje mat som freistar. Eg har klart meg bra, takka vere frysaren, og her er truleg mat nok til ein karantene til, for ein person. Noko godt å by julegjestane er her derimot ikkje. Mellom slaga har eg gått mykje tur for å klarne hovudet og kome meg opp av godstolen. Eg har treft nokre få sambygdingar når eg har gått tur, men elles har eg vore aleine. Eg trivst godt i eige selskap, har hatt mykje kontakt med folk på nett og telefon og har ikkje gått på veggane ein einaste gong. Så lenge ein ikkje er smitta, går det greitt med karantene, men eg er glad for at eg endeleg skal møte att ungane. Det var det verste med heile greia, å vite at dei var så nær men ikkje få treffe dei - spesielt storeungane, som har kome heim frå Trondheim og Oslo. Det kjem nok eit adventslystennebilete seinare i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar