søndag 15. februar 2009

Grillsesong 2009 erklært opna

















Endeleg kom vi oss ut på ski igjen! Unge Indiana fekk seg nye turski laurdag, og han var dermed litt meir motivert for turgåing. Dei to eldste og eg gjekk innover til Sagesetra med ein hund, medan Gubben og dei to yngste heldt seg på Tua med den andre hunden. Då vi snudde nedatt, sende vi melding om at det berre var å lage klar grillen. Grillhytta på Tua er koseleg, og det passa fint å ta ein tidleg søndagsmiddag der.

2 kommentarer:

  1. Synest det er artig at de brukar turområdet rundt Tua, der vi heldt til i min barndom. Godt å sjå at Minstemann har kome seg etter blodtapet.Her går det mykje på mord og drap i sofaen!!! Innimellom diverse huslege aktivitetar.

    SvarSlett
  2. Minstemann har det problemet at han til og med førre sesong har tilbragt skiturane i pulk, og eigentleg har vore nøgd med det.

    SvarSlett