onsdag 11. februar 2009

Meir drama enn forventa












I dag skulle eg vere superhusmor og supermamma. Det begynte bra, med ein heil del husarbeid, og så sette eg ein bolledeig før eg gjekk ut til ungane. Dei hadde gått ut i førevegen, og planen var at dei etter eit par timar skulle få gå innatt for å trille ut bollane. Alt var berre fryd og glede, MEN: så ramla Minstemann og slo seg. Eg er verken hysterisk eller redd for blod, men når såra er så nær auget som dette, blør dei svært mykje, og eg torde ikkje anna enn å kjøre på Legevakta med han. Der vart han limt saman, og så fekk han gå på leikebutikk og kjøpe Lego som premie for å ha vore kjempeflink. Det var ikkje lite blod han hadde kvitta seg med på halvtimen rundt fjorden, for å seie det slik, og guten kunne lett ha fått panikk. Etter to timar var vi heime att, og då såg deigen ut som på biletet ("Kem ditta e", spurde Minstemann då han såg biletet). Nummer 3 vart att i Volda, dei to eldste er på fotball, Minstemann bygger Lego og eg har trilla bollar med venstrehanda. Ikkje så fine, kanskje, men dei smakar himmelsk. Det er trass alt nokre timar sidan frukost...

5 kommentarer:

  1. Godt at det enda godt!
    Premie må til!

    SvarSlett
  2. Stakkars Indiana! Har ei kjensle av at han blir oftare limt saman enn nokon av dei andre.Men det er sikkert bra å ha han til lege, så får han ikkje stygge arr.Godt det ikkje var enda nærare auget,

    SvarSlett
  3. Han var no fin, då - stod med cowboyhatten i handa så det ikkje skulle kome blod på den...

    SvarSlett
  4. Flott at det gjekk så bra med vesleguten! Ikkje kjekt når sånt skjer. Premie er lurt.

    SvarSlett
  5. Den med "Kem e ditta?" gjorde at eg måtte le midt i elendigheita.Forstår at han lurte.

    SvarSlett