lørdag 14. februar 2009

Overdose med kultur?


Kva ønskjer ein seg mest av alt etter ein kveld med vin og prat? IKKJE konsert i Volda kyrkje, det er i alle fall sikkert! Heldigvis varte ikkje konserten meir enn tre kvarter, men då hadde ein fått med seg ein god dose hornmusikk og fiolin. Nokre er veldig flinke, for å seie det slik, men slike konsertar får gjerne presentert både nybyrjarar og vidarekomne. Nummer 3 gjorde ein strålande innsats saman med dei andre messingaspirantane. Etter konserten skunda vi oss til Samfunnshuset, der det var UKM. Folkestad skulekrins var godt representert, med 4 sceneinnslag og ein programleiar. Elles var der mykje morosamt og bra - eg er svak for rockeband, og sjølvsagt bygdeborna. Eldstejenta dansa medan venninna song "Somebody to love" (Queen), og det gjekk heilt flott. Dagen gjekk med, og hovudet er ikkje heilt bra, men no er vi snart klare for MGP...

Lenkje til Sunnmørsposten

4 kommentarer:

  1. Eg skulle gjerne sett på ho som dansa (og høyrt på ho som spelte sjølvsagt), men det er berre alt ein må ta på kjøpet.....

    SvarSlett
  2. Kjekt med vinkveldar og godt samhald i bygda?
    Eg var på mi første kulturoppleving i Trivselshagen på Sandane i går kveld, Firdaglimt, med berre tidlegare elevar som stod på sena. Det var gildt i flott sal. Men bismak....skulenedleggingar anmass...

    SvarSlett
  3. Fint bilde frå Sunnmørsposten. Skulle gjerne både høyrt og sett! Som erstatning spela eg Queen på You tube i går ettermiddag. Dei er framleis favorittane mine!Somebody to love er nydelig, det same er Love of my life.Håper dei går vidare, då skal eg i alle fall stille opp.

    SvarSlett
  4. Tvilar eigentleg på at dei kjem vidare, og venninna song betre på ein sjølvkomponert song som handla om Auschwitz, så ho går kanskje vidare med den. Men fint var det, og biletet frå Sumpen var kjempefint. Trur det var ein mediaelev frå skulen vår som tok det, faktisk.

    SvarSlett