onsdag 4. februar 2009

Ting tar tid - eller?


Med fare for å verke heilt ute av balanse, må eg kome med dagens store tilståing: eg tek tida. Kvifor? Jau, eg fann ut at det gjekk lettare å begynne på vinduspussing, til dømes, dersom ein på førehand veit at det tek om lag ein halv time per rom. I dag fekk eg lyst på fiskegrateng, noko eg sjeldan gidd å lage fordi det er "så mykje arbeid". 20 minutt tok det frå eg begynte å leite fram ingrediensar til gratengen var komen i omnen. Medan den steikte, laga eg råkostsalat (10 minutt, og då raspa eg gulrøtene for hand) og rydda kjøkkenbenk (5 minutt). Resten av tida slappa eg av og las mailar m.m.

20 minutt er om lag den tida ein treng på å evaluere ein norskstil eller ein engelskprøve, og sist helg retta eg over 30 elevarbeid av dette omfanget.

I går sat eg og skulle sende ein mail på jobb, og så "klikka" dataen kvar gong eg trykte på "send". Etter 50 minutt med problem gjekk eg ned til lærlingane våre, der eg brukte 10 minutt på å få fiksa maskinen. Etter å ha sete i ein halvtime og skrive på ein vekeplan, "klikka" dataen igjen, og dokumentet vart øydelagt. I alt kasta eg altså vekk halvannan time på vas og styr - tid eg kunne ha brukt til shopping, cafébesøk, prat med kollegaer eller i verste fall fornuftig arbeid.

2 kommentarer:

  1. Dette er mitt gamle triks! Å ta tida altså. På jobbar eg likar sånn passe. Kunne for eksempel ikkje like å skrelle poteter då vi var alle heime. Det tok 6 minutt, same tid som det tok å vaske soverommet. Å pusse all kopar og messing, tek mindre enn ein time osv.
    Ofte brukar ein meir tid på å komme i gang enn på sjølve jobben.
    Men når det gjeld fiskegrateng har eg ei sperre.

    SvarSlett
  2. Det der har ikkje eg kome på. Eg veit berre at ein får gjort mykje medan potetene kokar.

    SvarSlett