lørdag 14. februar 2009

Vinklubb på vift























Ei av vinklubbdamene har flytta frå bygda til Folkestad. Likevel held ho kontakten med oss bygdekjerringane, og fredag var det hennar tur til å ha vinklubb. Denne gongen var vi 14 til bords (eg har begynt å ta bilete for å dokumentere det utrulege faktum at vi er såpass mange), og som vanleg smakte både mat og vin nydeleg. Diskusjonane gjekk høglydt om såpass varierte tema som husvask og Kvivsvegen. Konklusjonen vart at begge delar er temmeleg oppskrytte og eigentleg unødvendige.

2 kommentarer:

  1. Ja, i alle fall Kvivsvegen!! Kva som er nødvendig (naudsynt) er det vel heilt ulike meiningar om-det er mykje ein klarer seg utan.
    Føler meg som ein dårlig besteforelder i dag som ikkje møtte opp verken her eller der, men eg var liksom ikkje budd på alt som skulle skje. Reknar med at eg har blitt orientert, men at det ikkje har festa seg på "harddisken". Og så er det jo det, då at ein er interessert i sine eigne, men ikkje i alle dei andre vidunderbarna som har andre besteforeldre.Det kan bli langdrygt!
    MGP er heilt uinteressant etter at vi har fått VINNAREN alt no.

    SvarSlett
  2. Heilt einig når det gjeld MGP, men alternativet er vel å jobbe... Det er mykje som skjer denne helga, og ungane heng med i svingane - såvidt.

    SvarSlett