torsdag 23. april 2009

Gratulerer, tante!


Som siste blogg ut her blant oss Sunnmøringane i slekta vil eg helse til Tante på Eid som har bursdag i dag. Illustrasjonsbiletet er teke sommaren 1983, det ser eg best fordi Nadja er så lita. Tante og Onkel var på besøk med dei tre borna og lundehunden Rossi, men eg trur ikkje det var noko selskap akkurat - etter antrekka å dømme. Tante er no omsorgsfull og omtenksam bestemor til 11, og nyt rolegare dagar enn då ho var banksjef. Kjenner eg gjengen rett, kjem dei attende med blogginnlegg om feiring!

4 kommentarer:

  1. Eg hugsar ikkje dette bildet, men eg hugsar godt tida og hundane!

    SvarSlett
  2. Eg kan heller ikkje hugse dette bilde-men eg kjenner igjen alle. Heilt borte-vekk er eg ikkje.Hugsar kjolen eg har på meg-den krympa og vart gitt til ei innsamling.
    Gjev vi hadde vore like unge no!!!

    SvarSlett
  3. Veldig koseleg bilde. Magnus er så lik faren sin at det er løje...

    SvarSlett
  4. Takk for helsinga. I og med at eg har vore opptatt med pass av barnebarn ei vekes tid, har eg ikkje vore innom bloggen din på ei stund. Masse fine bilder.
    Eidabesta

    SvarSlett