torsdag 30. april 2009

Hund i solnedgang




I kveld vart Nummer 3 med på tur for å sjå på solnedgangen - ho tok sykkel, og eg tok hund og kamera. Det var ikkje så fin solnedgang som tysdag kveld, då eg ikkje hadde med kamera, men litt betre enn i går. Typisk meg å lage slike prosjekt, forresten.

Lufta lukta av sjø og lauv, fuglane laga eit himla liv og vi fekk filosofert litt om livets mysterium. Våren er ei fantastisk årstid, og vi har hatt herlege dagar og kveldar her i det siste. Det er utruleg at vi ikkje har begynt på mai enno.

4 kommentarer:

  1. Kjempefint bilde, men eg likte best solnedgangsbildet frå i går! Sjølv om ikkje fargane var sånn typiske...Det bildet skulle eg gjerne hatt på veggen. Trea var så fine mot bakgrunnen m.m.
    Fleire av plommetrea våre er AV-blomstra, og kronblada for som snøfnugg gjennom lufta i dag-siste april!

    SvarSlett
  2. Bileta blir aldri like bra som originalmotivet - i alle fall ikkje viss ein ikkje triksar med fargar og slikt. Det er ei nydeleg utsikt langs heile Geislida, men dei der bøndene burde ha rydda litt nedom vegen. Eller som Nummer 3 sa: "neste gong teke me med oss øks og motorsag, mamma!" Eg ser oss i ånden...

    SvarSlett
  3. Krattskog mellom vegen og fjord/vatn/elvar er eit problem over heile landet. Heldigvis ser det ut til at somme har begynt å forstå det. I går såg vi litt av Voldsfjorden!
    Eg trua ein gong med å gå løs med motorsag, men plutselig var saga borte vekk!!

    SvarSlett