søndag 19. april 2009

Sesong for feiring












Sist torsdag møtte om lag halve tredjeklassen min i pysjamas - eit sikkert teikn på at no er russefeiringa igang. Det blir tidlegare for kvart år, har eg inntrykk av, men i år er eksamen såpass tidleg for somme at eg forstår at dei vil feire ekstra tidleg. Russefeiringa har ein viss sjarme, sjølv om lærarane har ei hard tid i vente. Det er ikkje så lett å førebu russekullet til eksamen - vi er langt meir bekymra enn dei. Då er det viktig å hugse at kua har vore kalv, og at ein hadde relativt sorglause dagar den gongen òg.


Elles er det snart på tide med konfirmasjonar, noko eg tydeleg såg då eg var innom diverse butikkar i går og såg utstillingar av fint dekka bord som eg med stor lette kunne skride forbi heilt uengasjert.

3 kommentarer:

  1. Det som slår meg når eg ser desse bilda, er at eg hugsar lite frå russetida di. Det må truleg vere fordi Lars alt var på plass i livet ditt ?
    Elles hugsar eg heller ikkje veninnene på bildet.
    Sjølv hadde eg eit trasig år på skulen på den tida, så eg var vel oppteken med å "overleve" der.

    SvarSlett
  2. Eg synest russen er blitt slappare med åra. Lenge sidan nokon har vekt oss 17-mai t.d.
    Elles var eg på fotballkamp torsdag. Ei av mødrene kom først til 2. omgang fordi ho måtte gjere ferdig bordkorta. Hm.. 1. gongskonfirmant sa eg til henne eg sat saman med. Ho hadde 4.
    Men no er det no stor forskjell på om det skal vere familieselskap eller eit storarrangement.

    SvarSlett
  3. Besta: du hugsar no vel Merethe? Ho var no trass alt forlovaren min seinare same året...

    Solveig: det er også ein viss skilnad på konfirmantane... Når eg tenkjer meg redd på alt eg har å gjere denne våren, trøystar eg meg med at eg i fjor fekk unna både barnedåp, konfirmasjon og førtiårsdag innimellom alt skulearbeidet.

    SvarSlett