søndag 19. april 2009

Ingen stad venare sjå...




Brundalen er ei perle året rundt - ingen tvil om det. I dag tok Gubben med seg hundane, dei tre yngste + den eldste Naboguten og gjekk på setra. Der fann dei froskeegg og froskar, og dei fiska kreder. Ekstra kjekt var det at ein av hyttegutane også var der.

Eldstejenta var på overnattingsbesøk på Bjørkedalen, medan Gamla sat på plattingen med ein prøvebunke (der blir ho truleg sitjande i vår).

3 kommentarer:

  1. Eg forstår følelsen din! No ser eg snart botnen på siste stilbunken. Litteraturprøvebunken skal eg knekke i løpet av komande veke. Då ser eg enden på rettingsarbeidet i den eine norskklassa eg har.
    Elles vert eg litt mismodig. Eg brukar nesten ein halvtime pr tekst(stil), men lærer dei av det? Brukar dei ein halvtime på rettingane?

    SvarSlett
  2. Når eg rettar på data, skal elevane gå inn og endre etterpå. Å rette på skjerm er mykje meir tidkrevjande for læraren, og det er verre for armane, så eg rettar mykje på papir for å unngå altfor mykje styr. Elles kan elevane godt gå attende i dokumenta sine og endre det ein har retta, men ein må setje av tid til det. Eg får fem heildagsprøvebunkar dei komande tre vekene, og så begynner sensuren. No håpar eg berre på retting på plattingen - alt arbeid er mykje kjekkare når ein kan sole seg samtidig.

    SvarSlett
  3. Ja, ein kan godt sette spørsmål om retting "virkar"-men ei tilbakemelding skal dei ha i alle tilfelle, og den må vere vel gjennomtenkt til så "gamle" elevar.Så derfor MÅ læraren rette.Og det er mykje arbeid, eg forstår det.Sjølv arbeider eg best i dårleg ver,men viss ein får til å rette i solskin, så er det eit pluss.

    SvarSlett