fredag 17. april 2009

Bowlingparty






Storeguten vår har alltid feira bursdagen sin ute - med uteleiker og hesteriding som årvisse aktivitetar. I år ville han "feire ute" på ein annan måte; med bowlingfest i Ørsta. Som gjestar stilte søskena, to vener av Nummer 3 og seks gutekompisar. Då var bilane våre fulle.

Festen bestod av vanleg bowling, pizza og discobowling (sløkkt lys og musikk). Gutane var storleg fornøgde både med program og servering, og Gamla var eigentleg litt letta over å sleppe å bake.

3 kommentarer:

  1. Ja, det kan no vere godt å sleppe alt styret med barneselskap, det blir nokre i løpet av åra. Og desse gutane er vel likevel mykje i heimane til kvarandre,om det er eit poeng.Ser ikkje ut som dei vantrivst i Ørsta.

    SvarSlett
  2. Eg synesr de/det er kjempegreie!Når de til og med ordnar skyss, så må resten av foreldra berre bukke og takke. Her er det meir "Oppmøte ......."

    SvarSlett
  3. Vi ordna berre skyss frå Folkestad, då, men så kjørte vi alle heimatt. Det har vore mykje positiv respons etterpå.

    SvarSlett