torsdag 16. april 2009

Bok 22 2009: "Classic Detective Stories" read by Edward Hardwicke


Edgar Wallace, Arthur Conan Doyle, Colin Dexter, G. K. Chesterton, Nicholas Blake, Sax Rohmer og Muriel Spark har skrive dei åtte kriminalnovellene som er samla i denne lydboka. Det er lenge sidan sist eg høyrde på ei engelsk lydbok, og det krev ein del meir konsentrasjon enn ei norsk. Likevel er det på ein måte ekstra givande. Novellene ekte gammaldags krimhistorier med umoglege mysterium og overraskande løysingar, og nokre av dei var direkte gode. Det må innrømmast at når eitt spor på CDen er på 50 minutt, kan det vere ein del informasjon som går tapt utan at ein fekk høve til å spole litt attende.

3 kommentarer:

  1. Eg har berre engelskhylla att på biblioteket........
    Det er veldig irriterande med lange spor. Eg held på med ei bok ved sida av ei anna, nettopp fordi eg må ha over ein time til rådvelde utan avbrot. Den andre har 15 minutts spor, også det er irriterande når MP3-en stiller seg attende på sporet. Når det ringer om morgonen, må ein berre slå av for å seie det sånn.

    SvarSlett
  2. Når eg skal konsentrere meg skikkelig om ei lydbok, må eg anten strikke eller legge kabal på data, elles flyg tankane.......Vente, blinke fekk eg lyst å lese på papir, så eg kunne blade litt fram og tilbake.Krimforfatterane du nemner hugsar eg frå min barndom, eg var ikkje gammal då eg begynte å lese t.d. Edgar Wallace.
    Ca 20 spor er passelig på ei plate!

    SvarSlett
  3. Lydbokforlaget sine plater har 22.23 spor. Dei har forstått det!

    SvarSlett