lørdag 18. april 2009

Vårslapp på vårslepp?



Når våren kjem, kjem også travle dagar med dansing før det årvisse vårshowet til ballettskulen. I dag var dei tre eldste på danseøving frå 11.30 - 15.00, og Gamla var "bakvakt" for dei av ungane som etter kvart vart ferdige med sine øvingar. Bakvakta vart nytta til shopping, så no er vi i rute med besteklede og kostyme. Trur eg.

Nummer 2 hadde fått mykje pengar til bursdagen sin, og vi fekk brukt ein del av dei på å kjøpe ny sykkel. Det var ein omstendelig prosess sidan der er tre sportsbutikkar i Ørsta, og avstanden mellom dei ikkje er så kort som mellom dei to sportsbutikkane i Volda.

Då eg kom heim i 16.00-tida, hadde eg faktisk allereie gått 10000 skritt rundt omkring i butikkar og kjøpesenter... Då "knalla" eg i sola - noko som gjorde godt, i og med at laurdagskvelden blir brukt til skulearbeid.

Gubben og Minstemann hadde ein litt rolegare dag, men dei fekk no med seg eit barneselskap på Folkestad i tillegg til å styre på i heimen.

3 kommentarer:

  1. Det var no litt rart at vi ikkje sprang på kvarandre i Vik, då, sidan vi også var nedover ein liten tur. Vi var både på Amfi og Ørsta torg, men det var mykje folk i byn i dag, så vi var ikkje så seine om å komme oss heim att. Eg har lagt på altanen i sola og lese bok.No er eg litt sur fordi Team Elg rauk ut.
    Gratulerer Eirik med ny sykkel.

    SvarSlett
  2. Vi såg etter dykk - særleg då vi sat under trappa og drakk milkshake...

    SvarSlett
  3. Vi sit aldri under trappa! I dag var vi stort sett berre på Coop og handla mat.Og eg har sjeldan sett så mykje folk på Amfi som i dag.

    SvarSlett