tirsdag 23. juni 2009

Jonsok på Botnasanden








































Med sol og litt vind vart kveldsøkta på Botnasanden svært triveleg i år. Bygdisane hadde med eigen grillmat m.m., og det einaste programinnslaget var kåringa av beste kostyme. Eldstejenta fann vener å henge med utover kvelden, Nummer 2 og ein del andre bada i sjøen, Nummer 3 og Minstemann fanga krabber og plukka skjel og steinar. Vi vaksne fekk kose oss med godt prat, og personleg kjende eg feriekjensla snike seg innover meg...

5 kommentarer:

  1. Ekte jonsokfeiring ser eg!!

    SvarSlett
  2. p.s. Det var noko kjendt med den skjorta!

    SvarSlett
  3. Kven fekk prisen for beste kostyme? Erlend var no litt av ein sjarmør, Amanda heilt ugjenkjennelig.Kjekt at de held på gamle tradisjonar.Her "grilla" vi svinekjøtt, dvs steikte kjøt i grillolje i steikomnen!

    SvarSlett
  4. Eine hiphop-kompisen til Eirik fekk prisen - han var utrulig fin som magedansarinne.

    SvarSlett
  5. Då har eg så vidt sett han på eit bilde. Nils kjende ikkje att Amanda på bildet. Han trudde at det kanskje var du!

    SvarSlett