søndag 18. oktober 2009

Shopaholic?


Nokre lesarar vil kanskje hugse at eg las shopaholic-bøkene og resten av produksjonen til "Sophie Kinsella" i fjor vår/sommar. Årsaka til at eg begynte å lese serien, var at der var eit utdrag i ei engelskbok for VG1. I år underviser eg i engelsk på VG2, og i læreboka der finst nok eit utdrag frå ei shopaholic-bok. Då var saka klar: eg måtte kjøpe filmen! Nyleg hadde eg meg ein raptus og bestilte filmar på Amazon, og i kveld fekk eg høve til å sjå Shopaholic-filmen saman med Eldstejenta.

Bøkene er herleg britiske, med lokale stadnamn og butikknamn frå London. Eg var derfor svært skeptisk til amerikaniseringa av filmen. Men hovudrolleinnehavarane er berre så utruleg søte og sjarmerande at ein tilgir at historia er tynn, og at ein så altfor gjerne skulle ha sett scenar frå Londongatene.

Elevane mine i internasjonal engelsk kan sjå fram til nokre kjekke undervisningstimar når det lid på - denne blir pensum!

1 kommentar:

  1. Eg skulle ønske eg hadde hatt engelskboka mi frå gymnas, så kunne du fått sett pensumet vårt.Hugsar berre tre titlar: Speach held by Edmund Burk in Parlament....(?) Pitt and the seven years war,The British Commonwealth....Vi hadde berre 2-3 litterære tekstar i tillegg til Macbeth.

    SvarSlett