torsdag 2. september 2010

Bok 44 2010: "Den lukkede bok" av Jette A. Kaarsbøl

I VG3-klassen min held vi på med det moderne gjennombrotet i litteraturhistoria, og då var det spesielt morosamt å lese ei bok der Georg Brandes er ein av bipersonane. Elles har han lite med handlinga å gjere, anna enn som stemningsskapar for å få fram debatten i tida. Romanen handlar mest om kjærleik, og gjerne den håplause, einsidige varianten. Ein får òg sjå nokre tabu frå tida rundt 1875, og verknadene av dei. Romanen er skriven i ein slags sirkelkomposisjon med forfattarkommentarar som illusjonsbrot undervegs. Eg likte romanen svært godt, og takkar hermed ein kollega for lesetipset.

1 kommentar:

  1. Eg har lese boka for ganske lenge sidan, men sidan hukommelsen min er heller skral, må eg vel slå opp i bloggen for å finne ut kva eg tykte om den-den gongen.
    FORDELEN med dårlig hugs er at ein gjerne kan lese om att bøker -fleire gonger.

    SvarSlett