søndag 12. september 2010

Fotosession, Fotball og Fårikål

Med fire ungar i hus slepp ein å late seg eller lure på kva ein skal finne på. Gamla vart kommandert ut på fotosession av Eldstejenta like etter frokost, og så var det fotballkamp for Storegut, der vi hine stilde som heiagjeng. Laget var sterkt redusert fordi nokre av spelarane er i Polen, og stillinga enda 1 - 6. Min håpefulle stod berre i mål i andre omgang. Kompisen vart skada fleire gongar, men det var berre å bite tennene saman og spele vidare, sidan dei ikkje hadde innbyttarar. Ein veslebror på sidelinja vart sett inn på banen etter kvart, og vi foreldra lo godt og antyda at ein no var så desperate at ein begynte å plukke ut spelarar blant publikum...

Uansett var det deilig med frisk luft - eg angra berre på at eg ikkje sette på middagen før vi for, så vi kunne ha kome heim til ferdig fårikål. I bloggande stund står panna og putrar så fint, og svolten er påtrengande. Maten er noko av det beste med hausten, og no er det skikkeleg haustsøndag her med regn ute, fyr i omnen og altså fårikål på komfyren. Med eit par gode bøker og filmar i huset er det ingen grunn til anna enn å fryde seg over ein herleg fridag.

3 kommentarer:

  1. Fine bilde.
    Og fine motiv.
    Fårikål har vi ikkje hatt enno i år. Men vi har eit fårelår i frysen som vi snakka om å legge i gryta, men så må vi ha litt feitt fårikålkjøt i lag med, og nokon å dele retten med.

    SvarSlett
  2. Hmm.. Dette fårikålpratet gjorde at eg fekk lyst på nettopp det, sjølvsagt. Fiskaren ville ha kveite til middag, men då må han ikkje fiske lange, har eg sagt. Fisk kan ein ha midt i veka. Det er snarlaga. Det er berre det at den dagen eg ikkje er på møte, skal eg til frisør.
    Fine bilde!

    SvarSlett
  3. Vil berre ha sagt to ting: 1. eg stiller på fårikålmiddag når som helst, men ikkje på eit par dagar. Nok er nok. Og 2: min innsats som fotograf er berre å knipse; oppsett og biletbehandling tek modellen seg av sjølv. Ho kunne like gjerne ha brukt stativ, men då hadde vi ikkje hatt det så morosamt.

    SvarSlett