søndag 19. september 2010

Tulliball-dag

Der er dei som synest eg er "litt i overkant". Mi nye "greie" er at eg går rundt med to (2) skritt-teljarar. Den gamle slutta å virke då den datt i golvet sist helg, og allereie måndag kjøpte eg meg ein ny av same sort. Det viste seg fort at den nye underrapporterer, så eg kan gå tur i ein time uten at den viser meir enn 79 talde skritt. Irritasjonen var sjølvsagt stor då eg oppdaga dette, og gleda var desto større då den gamle plutseleg begynte å virke igjen, i alle fall mesteparten av tida. No går eg altså rundt med dei begge to; ein gammal som viser rett tal skritt men som kan slutte å virke kva tid som helst, og ein ny som eigentleg berre er til irritasjon.

Søndagen har gått med til teljing av skritt medan eg høyrde på lydbok, retting av Ibsen-stilar og til slutt familiemiddag med raspeball på menyen. Etter det vart det ei lita middagskvild, men no stikk eg nasen ned i stilbunken att.

3 kommentarer:

  1. Been there, done that. Må berre minne om dei to skritteljarane eg leverte attende fordi dei ikkje talde skritt. No har eg vore utan ei stund sidan den eg kjøpte i Örebro klikka.

    SvarSlett
  2. Forstår ikkje vitsen med dei skritt-teljarane.Sjukt! Dokke veit no kor langt dokke går-og dokke går langt NOK.

    SvarSlett
  3. Motivasjon kan vere så mangt. Då den gamle skritt-teljaren vart øydelagd, trimma eg faktisk ikkje i det heile, men låg på sofaen ein heil kveld...

    SvarSlett