tirsdag 7. september 2010

Laurdagstur: Brundalen og Bjørnasethornet, 739 moh

Minstemann skulle i barneselskap laurdag, så faren følgde han dit. Eg tok med hundane og dei to mellomste på setra, der det var finare enn i sommar, med strålande sol og vindstille. Ut på ettermiddagen kom dei to selskapsløvene etter med grill og pølser. Veslejenta skulle overnatte på hytta til ei venninne, og Storegut hadde vore på Bjørnasethornet med skulen fredag, så det vart berre vi tre hine som kom oss på fjellet - ein nydeleg kveldstur med flott utsikt. Minstemann hadde behov for litt drahjelp innimellom, så det var flott at vi hadde med tau.

1 kommentar:

  1. Aldeles nydelig i Brundalen slike fine dagar. Skulle hatt minst ein mnd. til med finever, så kunne ein fare på mange turar og plommene kunne bli skikkelig modne. Vi HAR smakt på dei !

    SvarSlett