mandag 6. september 2010

Bok 45 2010: "Mors bok" av Margaret Skjelbred

Forfattaren har nokre kladdebøker som mora hennar har skrive roman i. "Mors bok" er eit samansurium av moras meir eller mindre sjølvbiografiske roman om "Signe" og Margarets eigne barndomsminne frå ein oppvekst i eit strengt haugiansk miljø. Det høyrest mykje meir interessant ut på vaskelappen enn det er i røynda, og det trakk absolutt ikkje opp at det var forfattaren sjølv som las lydboka.

2 kommentarer:

  1. Eg har ikkje likt bøkene til denne forfattaren noko særlig. Denne har eg også lese, men eg har ikkje slakta den så hardt som du. Truleg fordi tankegodset i forteljinga er meir kjent for meg, og andre på min alder, enn for dokke som er yngre.Eg har skrive om den på bloggen min, så du kan sjekke viss du vil.

    SvarSlett
  2. Eg samanlikna vel litt hennar oppvekst med det ein del muslimske jenter opplever i dag ...

    SvarSlett