mandag 13. september 2010

Sveisen Storegut

Måndag er contemporary-dag, så turen går til Ørsta, der begge jentene skal trene. Storegut plar vere med ein kompis heim frå skulen så han kan kome seg på fotballtrening om kvelden, men i dag vart han med til Ørsta og fekk middag hos Mormor og Morfar. Eg nytta høvet til å få han klipt, noko som var på høg tid. Dei hine fekk shoppa litt klede og denslags i mellomtida.

1 kommentar:

  1. Han blei liksom så vaksen med den nye sveisen.Men så er han no ungdomsskulegut, og ikkje så ung som han var, han heller.

    SvarSlett