fredag 17. september 2010

Bok 47 2010: "Morgen i Jenin" av Susan Abulhawa

Er ein fan av Cecilia Samartins romanar knytte til dramatiske historiske hendingar, er sikkert denne boka òg fengande lesestoff. Dei minner etter mitt syn ein heil del om kvarandre, og også denne gongen finn eg historia meir interessant enn forteljinga. Samtidig er det vanskeleg å setje fingeren på kva det er eg ikkje likar. Kanskje er det dei fantastisk lukkelege kjærleiksforholda eller dei melodramatiske dødsscenane som nesten går over i parodien. Mi erfaring som lesar er at dramatikken i forteljinga kjem betre fram i eit relativt nøkternt språk. Persongalleriet er stort, men det er berre få av personane ein festar seg særleg ved. Av det positive med romanen kan eg nemne at det er interessant å sjå Palestinakonflikten så tydeleg frå palestinsk synsvinkel, og det er alltid interessant å lese romanar som skildrar andre kulturar frå innsida. 

2 kommentarer:

  1. Eg begynner å bli trøtt av denne romanoppskrifta: Finn ei spennande, relativt ukjend historisk hending, plasser nokre fiktive personar inn i miljøet, og vips har du ein bestseljar. Eg kan nemne i fleng: Øya, Hjemkomsten, Hotellet på hjørnet av bitter og søt osv.
    Historia frå Jenin hadde eg så vidt begynt på då du overtok boka, men eg såg kvar det bar hen.I likheit med deg finn eg rammehistoria meir interessant enn den fiktive.(Kjem nok til å lese den likevel.)
    No les eg Toril Brekke si siste bok i Amerikatrilogien, som er skriven etter om lag same oppskrift.

    SvarSlett
  2. Først begynte eg på den. Så tok eg ei krimpause. No er eg midt i, og må berre seie at den ikkje tek av for meg. Kan det vere at omsetjinga til eit anna språk gjer språket urett? For meg vert metaforane håplause og klissete. den historiske ramma er interessant!

    SvarSlett