torsdag 23. september 2010

Nora, "du er jo bare et barn!"

Litt vaksenopplæring her:
Namnet "Nora" i Et Dukkehjem er ikkje tilfeldig, men viser til ordet "nor". Ordlista seier:

nor n1 (jf gda norn, kanskje av norr n&oeacute;ra 'nære') spedbarn

5 kommentarer:

  1. Det visste eg ikkje. Gjorde Ibsen det? ;-) I fjor hadde vi ein diskusjon på Dr. Ranks sjukdom. Noko hadde eg fått med meg på DH ...
    Berre opplys meir! Kjekt å ha å slå i bordet med!

    SvarSlett
  2. Eg trudde Nora var ei forkorting for Leonora? Eller Eleonora etc.
    Men ordet nor kjenner vi jo alle, og det gjorde nok Ibsen også, så eg ser ikkje bort frå at han brukte namnet bevisst. Elles er det jo ganske vanlig å overtolke forfatterane. Det hugsar eg tydelig frå eit besøk vi hadde på DH av Erling Gjeldsvik. Læraren vår begynte å legge ut om eit namn i boka hans og tolka som berre det. Då svara Gjeldsvik:"Det har eg ikkje tenkt på, eg berre valde eit namn, eg."

    SvarSlett
  3. Ikkje godt å vite kva han tenkte, han karen. Er du einig med meg i at "Lang dags ferd" hadde noko ibsensk over seg? Eg har no gløymt desse fagutrykka som de er så flinke med, men dette med å nøste opp litt etter kvart, retrospektivt?
    Elles så er no Nora Aron baklengs, så det er no artig...

    SvarSlett
  4. Eg tenkte akkurat på det der med "Lang dags..." i går, Elin, så det var artig at du også gjorde det. Og ja, det heiter retrospektiv teknikk/metode, og Ibsen vert rekna som oppfinnaren av det, sjølv om han truleg berre er den som reindyrka teknikken. Det er lett å parodiere akkurat den biten. Kva han har tenkt, veit eg ikkje, men "eit nor er eit nor" same kva Ibsen har tenkt. I analyse er ein opptekne av kva som ligg i teksten, ikkje kva forfattaren tenkte/ikkje tenkte, sjølv om eg er einig i at nokre tolkingar kan ta litt av. Som då ein elev fann ut at grøne støvlar måtte symbolisere håp eller misunning og var usikker på kva. At Nora er Aron baklengs, har eg ikkje tenkt på, men Kjartan Fløgstad fann ein artig parallell i Sivle/Elvis, og i tekstane "Berre ein hund" og "Nothing but a hound dog". Det er det einaste eg hugsar frå "Det 7. klima", som vi las på mellomfag.

    SvarSlett
  5. Det 7.klima er ei av dei få bøkene eg har gitt opp, etter å ha lese til s.80 to gonger. For øvrig likar eg godt det eg har lese av Fløgstad-ein av vår tids 4 store? Kanskje.I lag med Lars Saabye Christensen, for eksempel?

    SvarSlett