fredag 24. september 2010

Litt tidleg med nyttårsforsett?

No har eg endeleg fått gjort noko eg har tenkt på lenge: bestilt årskort på "Tren". Etter kvart som kveldane blir mørkare, vert det mindre og mindre freistande å gå tur ute, sjølv om det er min favoritt blant mosjonsartane. Derfor tenkte eg at treningssenter kan vere eit godt alternativ. Med medlemskort kan ein trene  på apparat av ymse slag, eller ein kan gå på aerobicstimar, spinning, yoga og anna. Eldstejenta har vore medlem eit år, og no gjekk ho inn som "familiemedlem" i eit pakketilbod. På 90-talet trena eg mykje aerobics i Ulsteinvik, og no håpar eg på å kunne ta opp ein tråd eg har sleppt ned for lenge sidan. Berre eg ikkje raknar heilt...

2 kommentarer:

  1. Det fint å trene i lag med andre-eller ved sidan av. Eigentrening har eg lita tru på-i alle fall for min eigen del.Å gå tur derimot er kjekt åleine også.

    SvarSlett
  2. Eg har ein viss diskusjon på gang med Eldstejenta. Kan eg høyre på lydbok medan eg trenar, i staden for musikk? Eg meiner JA.

    SvarSlett