søndag 19. september 2010

Laurdagstur til Mulvika (Nerlandsøya)

I indre strok ausa regnet ned i dag, men ute ved havet var det opplett og nokolunde vindstille. Det var fantastisk å sjå og høyre bølgjene bryte innover steinane og sanden, og Mulvika ligg slik til at det er storhavet som kjem innover. Dagen vart avslutta med middag på Fosnavåg brygge, då det var fullt på den restauranten som eg trur heiter "Maku". Der må ein bestille bord på laurdagar.

4 kommentarer:

  1. Ser at du har vore på fotosafari i øygarden igjen. Når eg ikkje reknar med bildet du er på, likar eg best, det som er to plassar lenger nede, det med båra som kjem mot stranda.

    SvarSlett
  2. Det var ein noko improvisert fotosafari, så bileta er berre knipsa i villelse. Eg synest det er vanskeleg å fange stemninga, som også inkluderer lukt og lyd. Det var uansett befriande å kome vekk frå høljeregnet. Elles blir det sikkert "Maki" ein annan gong.

    SvarSlett
  3. Sist vi var i Fosnavågen, var vi på Kina-restaurant og fikk den verste Kina-maten eg har smakt.Og det seier ikkje så lite.

    SvarSlett