onsdag 8. september 2010

Tredje frionsdag: fjøsstell

Etter nokre sløve timar i morgonsola drog eg med meg Minstemann til Folkestad, der vi fann Veslejenta på kaia. Vi pådrog oss ein handlerunde før balletten, og deretter vart det is-pause i Volda før vi reiste over til rette sida på fotballtrening. Der dukka Storegut også opp, og alle ungane trena ivrig medan Gamla prata med andre pårørande. Vel heime stelte dei to yngste kaninburet så Madeleine fekk det reint og fint, og vi hadde sjølvsagt kjøpt nokre godbitar til henne òg.I kveldinga såg ungane film på loftet, medan eg først gjekk tur og deretter retta haustens første prøvebunke (glosetestar er noko anna enn stilbunkar).

1 kommentar:

  1. Synest at Madeleine ser større ut enn systra(?) på Hareid, men bilda kan bedra. Kjekt at dei styrer med dyr. I dag var eg fram til Ragnhild. Hunden deira er så kjekk og koselig, men no har eg gløymt kva rasen heiter.

    SvarSlett