søndag 3. april 2011

Bok 21 2011: "Store forventninger" av Charles Dickens

Eigentleg vart eg litt skuffa då denne boka dukka opp i postkassa som ein del av "Verdensbiblioteket". Eg er svært glad i TV-seriar basert på Dickens-romanar, og eg har vel hatt ein tanke om at eg skulle lese romanane på engelsk. Når ein først har fått ei ny bok i bokhylla, er det frestande å lese den òg, og eg er ikkje på nokon måte skuffa. Trass i at eg har sett minst to TV-seriar basert på "Great Expectations", og til dels hugsa handlinga godt, greidde boka å fenge meg med sine fantastiske personskildringar, humor og dramatikk. Omsetjaren har gjort ein god jobb med å få fram dei ulike sosiolektane som tydeleggjer karakterane, og dei særeigne talemåtane, som til dømes den litt fjollete Herberts utbrot "for et hell for min mors sønn!".

Historia dreiar seg om guten Pip som veks opp saman med systera og mannen hennar, og som kjem i kontakt med ei sær, gammal dame som heiter Miss Havisham. Han får deretter vite at han har ein hemmeleg "velyndar", og blir kosta på opplæring og livsstil som skal gjere han til ein gentleman. Undervegs skjer mykje dramatisk, og forviklingane står i kø. Alle lause trådar vert nøsta opp, alle lagnader vert fletta inn i noko anna.

I "Verdensbiblioteket"-serien vert det lagt til eit føre- og eit etterord, som i dette tilfellet var nesten like interessant som romanen sjølv. Eg skal lese meir Dickens, men då på engelsk.

2 kommentarer:

  1. Personskildringane til Dickens er noko heilt for seg sjølv, og eg har sett mange TV-seriar basert på D. sine bøker. Men aldri LESE ei einaste bok av denne forfattaren.

    SvarSlett