fredag 15. april 2011

Gratulerer med dagen, Storegut!

Nummer 2 er i dag 14 år, og vi gratulerer!

Eg plar seie at han var mitt lettaste svangerskap, min lettaste fødsel og min snillaste baby. Etter den tid vart han min mest aktive unge, og det har vore stunder då eg har lurt på om han var meir "hyper" enn normalt. Dei siste åra har han roa seg svært mykje, eller så har eg vent meg til han. Dei som les bloggen min har sikkert fått med seg at han er arveleg belasta frå farssida når det gjeld gitarspel. I tillegg spelar han trombone i det lokale korpset og spelar fotball på eit par lokale lag (eg trur det er genane frå farssida som har slått inn her òg). Siste åra har han passa inn i keepertrøya, som i fleire år var nesten fotsid (her kjem mine genar inn, er eg redd). Om han er aktiv til tider, kan han òg roe seg i timesvis med gitar, data og musikk - helst alt på ein gong. Om han ikkje er av dei mest taletrengde, kan han utvise stor evne til sympati og medmenneskeleg forståing. Han kan til dømes seie: "Mamma, berre gå dej en tur viss du vil", og han kom ein gong med den legendariske replikken "Mamma, no trur ej du trenge ei pils".

Om han kan irritere meg grøn ved å vere vimsete og distré, så smeltar han likevel hjartet mitt.

5 kommentarer:

  1. Gratulerer frå oss på Kongsberg !

    SvarSlett
  2. Eit nydelig bilde av Storegut.Somme gonger gjer det seg å ta bort fargane-slin som her.Det blir liksom meir "stemning".

    SvarSlett
  3. Biletet er det Eldstejenta som har teke og redigert. "Fann det på Facebook" :-)

    SvarSlett
  4. Nydeleg kjærleikserklæring til sonen, gratulerer med overstått!

    SvarSlett
  5. Heilt enig med Elin. Men så er han ein usedvanlig herlig gut også.

    SvarSlett