onsdag 13. april 2011

Kva gjorde vi på frionsdagen? Det spørs...

Spør du Minstemann, fortel han om kompisen som var på besøk. Dei spelte PS og bygde lego. På oppfølgingsspørsmål legg han til at jau, vi var ein tur ved elva. Og nabo T hadde med pannekaker.


Spør du Gamla, fortel ho gladeleg om Nabo T som steikte ein stabel med sveler, og at vi kosa oss nede ved naustet deira, plukka steinar og såg på dei nyfødde lamma. Vi var ute i tre timar, i nydeleg vårvêr. Og så vart naboguten med heim, og dei fekk vere inne ein times tid.

2 kommentarer:

  1. Herleg i dag! Eg har sendt deg ein award - om du tek utfordringa

    SvarSlett
  2. Og kva gjorde eg? Var på eit ganske kjedelig møte. Ser ut til at det er onsdagane som skal bli fineversdagar dette halvåret. Eller kanskje det berre virkar sånn?No har eg skrive eit ganske kjedelig referat frå møtet. Heldigvis er Nils med på møta, så han kan hjelpe meg å hugse og ev. korrigere.

    SvarSlett