mandag 27. juni 2011

Bok 43 2011: "Utrenskning" av Sofi Oksanen

Forfattaren Sofi Oksanen vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris etter at denne romanen vart nominert i 2010. Romanen inneheld fleire synsvinklar og parallelle historier, og den tek opp aktuelle tema som menneskehandel, sexslaveri, Tsjernobyl, korrupsjon og kommunisme i Estland og andre delar av tidlegare Sovjetunionen i perioden 1940 - 1992. I tillegg til dei historiske og samfunnsaktuelle hendingane, møter vi menneske som opplever samfunnsendringane på kroppen - bokstaveleg tala. Eg er ikkje heilt sikker på om eg likte den så godt, for eg opplevde den som vanskeleg mot slutten. Men den er, for all del, svært interessant.

1 kommentar:

  1. Denne boka har fått veldig mykje ros.Det er ei god stund sidan eg las den, men var ikkje udelt begeistra.Slutten blei, om eg ikkje hugsar feil,veldig brutal.

    SvarSlett