mandag 3. oktober 2011

Bok 74 2011: "Nu, jävlar" av Heidi Linde

Av og til hender det at ei bok ramlar ned i postkassa fordi ein har gløymt å avbestille den, og då er det ekstra kjekt at boka er god. Eg likte nemleg denne romanen av Heidi Linde svært godt! Temaa som vert tekne opp er mange, men det viktigaste er personkarakteristikkane. Vi møter ulike menneske og ser liva deira frå deira synsvinkel. Min favoritt blant karakterane er den einsame Lydia, som har dronning Sonja som sin usynlege ven. Ein annan viktig karakter er den høggravide tobarnsmora Terese, som har gjeve opp eigne draumar til fordel for eit trygt familieliv saman med den irriterande vellukka ektemannen. Vi får tilbakeblikk på oppvekst og ungdom, og det er mange såre minne som ligg bak notidshandlinga. Det heile er lettlese og lettfatteleg, men utan å verke spesielt klisjéprega.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar