Denne nydelege boka er historia om ei ung kvinne som bestemmer seg for å skrive ei bok om livet til dei farga hushjelpene i heimbyen Jackson, Mississippi. Filmatiseringa er allereie koma til kinosalane, og eg ser verkeleg fram til å sjå den. Tidskoloritten og karakterane er verkeleg spennande, og boka er lettlesen og interessant. Innlesinga er gjort av tre kvinner, like mange som har synsvinkelen i boka. Skal eg innvende noko, må det vere at eg faktisk ikkje høyrde skilnad på dei tre før det var gått ei lang stund.
Eg har den på MP3-en, men vel å lese ei krimbok først. Men eg har noko å sjå fram til, forstår eg.
SvarSlettEg har lese den to gonger -OG sett filmen.Handlinga er lagt til 1962-63, så det er ei tid vi godt vaksne hugsar. Filmen var fin!
SvarSlett