torsdag 20. oktober 2011

"Shooting Dogs"

Førebuingane til OD 2011 held fram, denne gongen i Internasjonal Engelsk-klassen min. Fleire av elevane hadde sett "Hotel Rwanda" tidlegare, og eg valde derfor å kjøpe ein annan film om same tema. Då eg såg gjennom filmen førre fredag, kjende eg at den var langt meir brutal og dyster enn "Hotel Rwanda". Eg gjorde derfor elevane ekstra merksame på kva dei kom til å få sjå, og dei fekk nokre minutt til å lese bakgrunnsstoff før eg sette i gang filmen.

Vanlegvis plar eg førebu spørsmål og arbeidsoppgåver når eg syner film, men denne gongen let eg elevane sjå filmen og deretter berre skrive eit refleksjonsnotat for sin eigen del, for å få inntrykka ut av kroppen, så og seie. Hovudintensjonen min var at dei skal bli meir motiverte for OD og få eit nyansert syn på kva det vil seie å hjelpe andre menneske.

Handlinga i filmen er lagt til eit katolsk miljø i Rwanda, og dei viktigaste personane er ein eldre prest, ein ung lærar, ein belgisk FN-offiser og ei afrikansk jente. Kritikken mot verdssamfunnet som ikkje grip inn i folkemordet er svært krass, og det er ikkje lett å vite korleis hovudpersonane ideelt sett burde ha handla.

Også andre gongen eg såg filmen sat eg att med ei kjensle av å vere deprimert. Viss elevane kjenner det same, er det kanskje eit sunnheitstrekk, men eg kjende nesten eit behov for å be om orsaking for at eg utsette dei for denne opplevinga.

Operasjon Dagsverk skal gi hjelp til unge menneske i Rwanda, men det er klart at historia må ha sett sine spor også for dei som var fødde etter 1994, både blant tutsiar og hutuar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar