søndag 9. oktober 2011

Bok 75 2011: "Fjorden" av Lars Ove Seljestad

Første del av romanen handlar om ein middelaldrande mann som sit ved sin døde far og tenkjer over livet. Språket er gjentakande, eller repetitativt, for å oppnå ein poetisk stil som minner om Jon Fosse. For meg vart det noko monotont og nesten parodisk. Neste del av boka handlar om ei reise mannen gjorde som åtteåring saman med far sin. Dette er ei rørande og sterk forteljing om banda mellom desse to, som seinare skulle bli annleis. I siste del av boka reflekterer hovudpersonen over kvifor livet er blitt som det er blitt, kvifor han ikkje vart ein betre far enn det faren hans hadde vore for han. Det tek noko av med sjølvransaking, og noko av det vert klisjéaktig og langdrygt.

Det er forfattaren sjølv som les, og Odda-dialekten høver godt til innhaldet. Den omtala reisa går føre seg i det lokale området, der far og son tek bussen til ein stad der dei skal hente båten som faren har kjøpt og køyre den heim. Den reisa kunne godt ha stått som ein tekst for seg sjølv, etter mitt syn, men forfattaren har tydelegvis hatt mykje meir på hjartet.

2 kommentarer:

  1. Eg las vel Frægd i si tid. Den var morosam - ei stund.

    SvarSlett
  2. Har boka liggande på MP3 -spelaren min, men det er uvisst om eg kjem til å lese den.

    SvarSlett