lørdag 22. oktober 2011

Laurdagen derpå

Storegut var på overnatting og Veslejenta på ballett, så i dag var det Minstemann og eg som lufta hundane. Etterpå tok vi oss ein handletur til Nordfjordeid før vi henta Storegut på Bjørkedalen. Det vart berre kjøp av mat, for Minstemann er ikkje rett person å ta med på klesbutikkar og denslags. Etter middag gjekk eg ein lang tur igjen, aleine med lydbok. No er det tid for laurdagsgodt, og seinare skal vi ha ost og kjeks. Det blir deilig med ein stille og roleg laurdagskveld i heimen.

1 kommentar:

  1. Eg skal kose meg heime åleine. Eg takka ikkje nei til tilbodet om å ta over matsalet. Rigging og rydding har det vore/vert det og.
    100 tulipanar har eg fått i jorda også.
    Ha ein fin laurdagskveld!

    SvarSlett