onsdag 26. oktober 2011

Og to par strømper...



På grunn av ei generøs gåve frå Saniteten til Ballettskulen, stilte tre dansegrupper opp og underheldt på sanitetsbasar i Volda i ettermiddag/kveld. Veslejenta var med i ei av dei, så vi var programforplikta til å stille opp. Gutane fekk velje sjølve, og Minstemann vart freista av tanken på lodd og kaker.

I min oppvekst var eg van til tombola, med samanrulla papirlodd, men i Bygda bruker vi gamaldagse tre-årar på basar. Ungane synest derfor det er ekstra kjekt å få rulle ut papirlodd. For ein femtilapp vann vi ein matboks og to par tjukkelestar, så det var god butikk. Når ein tek med ferjebillettar og Minstemanns kakeutgifter, vert reknestykket eit anna.

2 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg ikkje er heilt sikker på kvar Amanda er på bildet. Dei blir så ukjennelige med annleis klede og frisyre.
    I pensjonistlaget har vi gammaldagse årar med skrivne tal. Eg synest DET er artig og nostalgisk.

    SvarSlett
  2. Ho er i andre rekkje, til venstre. For ein gongs skuld stod ho ikkje framme.

    SvarSlett