mandag 3. oktober 2011

Kjensla av haust(ferie)

Dei beste måndagane er i feriane, og trass i vind og regn vart det ein herleg, sløv feriedag. Storegut hadde ein avtale om å kome til Bjørkedalen, og vi hine gjekk oss ein fin tur på den gamle postvegen til Kilskrossen, Kile og attende hovudvegen til rasteplassen der vi hadde parkert. Etter ein tur på butikken har vi halde oss inne og kosa oss med bøker og spel, og til middag nytta vi høvet til å lage tomatsuppe. Sidan Storegut ikkje er så begeistra for det, plar vi lage slikt når han ikkje er heime. Elles vaskar eg klede og prøver å få i orden til vi skal ut på tur i morgon.

3 kommentarer: