fredag 7. oktober 2011

Familietreff i Ørsta




Broren min med familie har feriert i Ørsta nokre dagar, og i dag inviterte Besta til brennsnut og kaker til dei som hadde høve til å kome. Systa stilte med Studenten og Dottera, medan eg stilte med alle mine fire. Såleis var 9 av 11 barnebarn samla, og alle vi tre søskena. Det er lenge mellom kvar gong, men både små og store finn tonen fort og har stor glede av kvarandre. Eg fekk dessutan utnytta ekspertisen til bror min då han (under eit visst press) følgde meg av stad for å kjøpe MP3-spelar.

4 kommentarer:

  1. Fine bilde! Eg var sløv fotograf i dag ...

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Uskarpe bilete, stort sett. Det blir nok kjøpt nytt objektiv snart.

    SvarSlett
  4. Dei som vart tatt med mitt apparat eignar seg ikkje for verdveven ... Kanskje med eitt unntak.

    SvarSlett