På programmet i dag stod svært lite, eigentleg. Eg vaska klede, baka brød, vaska litt golv, gjekk tur og las i bok før eg henta Eldstejenta på kaia og dermed samla familien til søndagsmiddag. Barnefaren baud på hjortegryte og heimelaga kjøtkaker, og det smakte så godt at eg ikkje får gjort anna enn å pleie godstolen resten av kvelden.
Veslejenta er ikkje heilt i strøk, men hostar natt og dag (ho ville derfor ikkje vere med på det obligatorieske "ungane ved middagsbordet"-biletet). Eg har kommentert henne i dusjen og fått på henne superundertøy i ull, så får vi håpe at ei god natts søvn gjer susen så ho kjem seg til att til i morgon.
Det ser ut til at eg må forandre den påtenkte menyen i morgon, men det gjer ingen ting-for meg i alle fall. Håper A. kjem seg att, men det høyrest ut som om ho kan ha fått den ekle forkjølinga som vi hadde.
SvarSlett