mandag 31. oktober 2011

Bok 79 2011: "Før jeg brenner ned" av Gaute Heivoll

Boka er delvis dokumentarisk, noko som er ein trend i tida. Heivoll fortel historia om ein pyroman som herja i heimbygda hans då Heivoll vart fødd, i 1978. Samtidig som forfattaren gir eit psykologisk portrett av pyromanen, fortel han òg historia om seg sjølv, og ikkje minst om faren sin. Boka inneheld òg utdrag frå lokalavisa, ei dagbok og diverse brev. Til saman utgjer alt dette ein uvanleg sterk tekst. Ein lever seg inn i lagnadene både til pyromanen og Gaute, og til slutt har ein like stor sympati for dei begge òg.

Eg sette stor pris på at opplesaren er frå distriktet Heivoll sjølv kjem frå. Det gjer opplesinga ekstra autentisk.

3 kommentarer:

  1. Dette er den boka som har gjort sterkast inntrykk på meg siste året.Så langt i alle fall.
    Det at den vart lesen på dialekt gav den ein ekstra "dimensjon".

    SvarSlett
  2. Eg har den liggande på data-meiner eg.

    SvarSlett