mandag 17. oktober 2011

Bok 77 2011: "Kongens hjerte" av Gaute Heivoll

I 1775 går ei skute frå land i Noreg, på veg til København. Ombord er ei samling sjuke, blant dei ein far og dottera hans. Den store spenninga ligg i om dei overlever, spesielt fordi dottera har store, væskande sår. Det heile er ei dyster, men spennande forteljing. Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i redsla til faren, og Heivoll skriv godt om kjensler utan å verte sentimental.

Det var ikkje alt eg skjøna heilt, men eg vart gripen av sjølve stemninga i boka. Det er det som skil gode bøker frå dei ordinære, ikkje nødvendigvis den ytre handlinga.

2 kommentarer:

  1. Dette er ei bok som ein gjerne kan lese om att fleire gonger, eg trur ein vil få meir forståing for kvar gong.

    SvarSlett
  2. Den er månadens bok i den bokklubben eg enno ikkje har meldt meg ut av. 332 kroner spart på å gå til biblioteket...

    SvarSlett