søndag 2. oktober 2011

Bok 73 2011: "Skjebnehjulet" av Kajsa Ingemarson

I denne romanen, som seiest å vere den første i ein planlagd serie på fire, møter vi tre kvinner på ulik stad i livet, men i same nabolag. Kvinna i slutten av tjueåra er heimeverande med eit lite barn, og slit med å få mannen til å skjøne at ho har lyst ut i jobb. Ho som er nesten 40, er einsleg tenåringsmor som slit med å kunne binde seg til ein ny mann. Den tredje kvinna er nesten seksti, og lever i eit tilsynelatande lukkeleg ekteskap heilt til mannen forlet henne på grunn av ei anna kvinne. Romanen handlar mest om korleis desse tre kvinnene blir venninner som støttar kvarandre og hjelper kvarandre til å få perspektiv på liva sine.

Høyrt det før, seier du? Ja, her er verkeleg lite nytt, og det meste er temmeleg føreseieleg. Likevel er boka underhaldande på eit vis, utan at det dermed er noko grunnlag for ein heil serie av bøker.

2 kommentarer:

  1. Synest liksom eg har vore borte i desse tama før-eller?

    SvarSlett
  2. Heile boka, med karakterar og handling, er uendeleg klisjéfylt, men det var ei ok bok å lese likevel.

    SvarSlett