torsdag 6. oktober 2011

Mini-haustferie i Bergen: tredje dag (torsdag)

Torsdag skulle vere den store shoppingdagen, men vi fekk eigentleg fort nok. Ungane fekk seg eit antrekk kvar, deretter la vi på hjul heimover. Då vi stogga i Førde for å fylle diesel, kjøpte vi CD-en til Bernhoft, sidan tre av oss skal på konsert komande onsdag. CD-en er veldig fin, og variert, og turen heim gjekk som ein draum.

Vel heime slappar vi av og fyrer i omnen. Storegut er framleis frostig og elendig, så vi har eit sløvt tempo og prøvar å kose oss.

2 kommentarer:

  1. Då blir det ei kulturell veke for deg. Du har vel ikkje gløymt Tryllefløyten på tysdag?

    SvarSlett
  2. Nei, sjølvsagt ikkje! Det blir ei særs kulturell veke!

    SvarSlett