lørdag 22. oktober 2011

Ein variant på laurdagskvelden

Eg er matlei for tida. Ikkje har eg så god tid eller lyst til å tilbringe tid på kjøkkenet heller. Noko av det verste då er å skulle finne på noko å lage til middag, og påfunna vert derfor få og lite freistande.

I dag åt vi tidleg middag hos Barnefaren, og det var derfor ikkje aktuelt med pizza eller liknande om kvelden. Ungane hadde fått taco i går kveld, så det var heller ikkje aktuelt.

Dagens kveldskos vart derfor ost og kjeks. Vi er berre fire i heimen, så det er begrensa kor mykje vi et. Vi lagar heller til det vi veit at vi likar godt og et opp alt saman.

Veslejenta er kalla opp etter mormora mi, som var kokk, og ho lever opp til namnet ved å vere glad i å lage til mat. Slik sett får vi ekstra laurdagskos på kjøkenet, og eit sunnare alternativ til potetgull og dip.

At vi før måltidet hadde sett til livs store mengder smågodt, treng eg ikkje røpe.

1 kommentar:

  1. Ost og kjeks har vorte noko gløymt sidan glansperioden på 80-talet. Men det er både enkelt og godt. Frøkna er flink!

    SvarSlett