torsdag 6. oktober 2011

Mini-haustferie i Bergen: andre dag (onsdag)



Dette var den store museumsdagen. Vi hadde på førehand planlagt kva vi skulle gjere, og valt ut typiske Bergens-aktivitetar. Vi stakk såleis først innom Hansamuseet, deretter Bryggen museum og til slutt Håkonshallen. Dei to første var spennande å sjå, men Håkonshallen var lite interessant, dessverre. Sidan vi var langt ute på den sida av fjorden og skulle eit stykke ut på hi sida, vart det til at vi tok den vesle båten "Beffen" over fjorden. Mest som ein kuriositet det òg.

Om kvelden gjekk vi på kino og såg "Knerten i knipe", og så åt vi pizza på Dolly Dimple's. Seinare på kveld samla vi oss på det eine hotellrommet og såg "Ylvis" på tv. Ein variert dag sånn kulturelt sett, men vêret var svært stabilt, dessverre.

2 kommentarer:

  1. De har fått vore med på mykje på kort tid!

    SvarSlett
  2. Ja, eg er eigentleg imponert over oss. spesielt over Eirik, som hang med utan å klage, men som var småsjuk heile tida.

    SvarSlett